top of page
  • Forfatterens bildeKjell Gunnar Ytre-Eide

- Den første i Norge som aktivt satset på den aktive, dynamiske og digitale stolen iMO-learn.

Oppdatert: 11. apr. 2021


Bli kjent med Endre Natvik, som jobber som lærer og bruker mye tid på IKT. Har stilt han noe spørsmål, les hva han svarte.

For de som ikke vet helt hvem du er, hvem er du?


Mitt namn er Endre. Er utdanna lærar i fag som idrett, spesialpedagogikk, norsk og matematikk. Har starta på ein master innen IKT og læring og fullført første året. Har jobba i skulen siden 2012 som kontaktlærar på mellomtrinnet og norsk på ungd.skule. Eg er svært opptatt av å bruke digitale reiskap til å lære med, ikkje av. Siste åra har eg fungert som digitalpedagog på skulen for å vere med å løfte kompetansen om å bruke digitale reiskap på ein didaktisk og pedagogisk måte. I 2018 starta eg selskapet Endre Praksis AS for å kunne jobbe meir med temaet. No er eg pedagogisk ansvarleg i utviklinga av matematikkspelet Numetry, føredragshaldar for Barnevakten og jobber med historiebasert undervisningsopplegg med Escape Room som metodikk for DigLEE. Eg er framleis i skulen og, då praksisomgrepet er svært sentralt for meg. Alt for mange driv rettleiing og rådgjevnad inn mot oppvekstsektor, utan sjølv å stå der i kvardagen.

Så oppsummert er eg ein heilt vanleg lærar, som er opptatt av praksis, god bruk av digitale reiskap til å lære med og opptatt av utvikling. Ein må inn i mellom endre heilt praksis, for å etablere god og ny praksis.

Hvorfor er det viktig med fokus på IKT i barnehage og på barneskole?

Det er framtida. Borna skal meistre digitale reiskap i ei digital verd frå tidleg alder av. Det kjem til å vere gjeldande i det meste av framtidig arbeid, jobber som eksisterer og jobber som enno ikkje eksisterer. Teknologien sin beste eigenskap er å kunne binde folk med interessert, kompetanse saman og dermed bidra til å effektivisere måten vi arbeidar på. Borna lærer tidleg at dette er noko spennande og underhaldande, men ved å fokusere på god bruk av IKT til å lære med frå tidleg alder, trur eg vi kan lære borna til å ta det i bruk som meir enn underhaldning. Om borna lærer tidleg at ein kan lage film, ikkje berre for å underhalde, men for å faktisk lære og demonstrere så vil det gi eit godt grunnlag til å ta IKT i bruk til noko anna enn underhaldning.

Hvordan har korona året vært for deg?

Barna lagde bok om korona
Foto: IKT og Lek

Eg har ingen rett å klage. Eg bur på ei øy med tilnærma ingen smitte. På mange måtar har kvardagen vore relativt normal. Vi har sjølvsagt fulgt smittevernråda, privat og skule, men heilt nedstengt har det ikkje vore. Det sosiale er sjølvsagt eit aspekt, men her har vi berre møttes på andre måter, som discgolf, fotball, ein tur eller på terrassen. For Endre Praksis AS sin del derimot har det fungert svært godt. Eg nyttar dagleg IKT og målet mitt er at eg skal kunne arbeide uansett kvar eg er. Eg har samarbeidsmøter med speldesigner i Amerika, designarar i Brasil og pedagogar i Noreg. Føredrag frå Barnevakten har blitt gjort digitalt og for DigLEE så har vi samarbeida over nettmøte, bygd historie og oppgåver i Miro og levert det via digital plattform.

På mange måtar har det rett og slett utfordra kreativiteten litt. Eg har sjølv endre praksis til tider. Spesielt under lockdown i mars 2020 då vi var midt opp i norsk språkhistorie i 10. klasse. Eg spelte inn samtalar og mellom Wellhaven og Wergeland med greenscreen, såg eit Dukkehjem med elevane via TEAMS og hadde god 1 til 1 oppfølging på arbeid med møter.

Om du jobbet i barnehage, hvilket digitalt verktøy ville du at personalgruppa skulle fokusert på?


Vel, første eg tenkjer på er reiskap som kan innby til å skape, visuelt og taktilt. Enten det er bokstavar, tal eller historie. Sjølv er eg svært glad i Stop Motion.

Foto: IKT og Lek

Den lar deg ta bilete, flytte på obkekt, ta nytt bilete og til slutt sette saman ei historie. Borna pleier å digge å arbeide med den, enten det er kitt eller lego som er materialet ein arbeidar med. Så har eg lyst å nemne Poio. Poio er kjemegod inngong til lesing. Legger ein på videoredigering så har ein kome langt. Viktigaste er nok at alle i personalgruppa er trygge på kvifor og korleis ein nyttar reiskapet.

Og for skolen ?

Eg trur ein først må lære seg å bruke det sjølv, det er openbart. Skule kjem i ein litt anna kategori enn barnehage. At personalgruppa kan samskriving gjennom sky, gjennomføre gode møter digitalt, ha reiskap som Padlet for å skape aktivitet, utnytte breakoutrooms trur eg er viktig. Dette er noko som lett kan overførast til elevane. Så først og fremst starta med å bli god på nokon reiskap som ein tok inn i arbeidskvardagen sin trur eg er fordel. Sjølv synes eg Padlet er eit godt reiskap som lar alle delta, utan å sitte å snakke. Sjølv har eg brukt Padlet med elevar og dei responderer godt på det. Den store utfordringa kjem når nokon brukar noko, og andre noko anna. Så først og fremst ta seg litt tid i organisasjonen for å bestemme kva reiskap ein skal bruke. Alle burde ha kjennskap til eit program for å redigere video til dømes, enten det er iMovie eller noko anna.

Direkte mot eleven og læring kjem språkapper som Poio og Duolingo høgt.

Tankekart er noko som ofte med fordel kan bli gjort digitalt, gjerne med iThoughts.

Hva er ditt favorittverktøy i den digitale hverdagen?


Den er vrien. I skulen er eg svært glad i filmlaging. Det at elevar får bruke film som metodikk pleier å heve arbeidet og innsatsen mykje. Her kjem iMovie langt fram på lista, nettopp fordi det er så intuitivt og lar borna raskt sjå kva redigering er, og ikkje minst kor tidkrevjande det er om ein ikkje har planlagt arbeidet godt i forkant.


Her kan ein gjere det til det heilt enkle for å unngå redigering, som til dømes å lage ein Mannquin Challenge der alt blir filma på ein gong, der elevane lager uttrykk og fortel ei historie gjennom å stå stille, som ein mannekeng.

Personleg bruk, så kjem TEAMS og Miro. Det er noko det første eg startar opp. For dei som ikkje kjenner Miro er det eit stort, opent bord der ein kan samarbeide og bygge i lag og ha gode prosessar.

Rammeplanen sier nå at alle skal tilrettelegge for IKT i barnehager. Hvordan skal nybegynnerne starte?


Legge til rette er målet. Då tenkjer eg at barnehagen må ha bestemt seg på førehand kva ein skal kunne av programvare og kvifor dei programvare er i fokus, så må tilsette lære seg dei. Den går vel gjerne djupare med å sei at digital dømmekraft med informasjonssøk og personvern og legge til rette for utforsking og leik og skape digitale uttrykksformer er sentralt og. Ikkje minst vurdere relevans og utforske kreativ og skapande bruk av digitale reiskap saman med borna og. Der er ein viktig del synes eg, «i lag med bona». Barnehagen må vere deltakande i aktiviteten sjølv, ikkje berre legge til rette. Det setter store krav om kompetanse. Så, det handler om utforsking, skape og leike tenkjer eg. I lag med borna. Derfor må ein vere nyfiken og heller undersøkje kva muligheter som ligger der, i staden for å unngå det.

Hvilken kunnskap er viktig at nybegynnere tilegner seg?


Hehe.. Det er svært vanskeleg å sei. Ein kan dele nybegynner inn i hundreogørten kategorier og. Eg pleier å sei at det viktigaste er at ein tørr, ikkje vere redd for at det går galt. Det er framleis mange som trur at feil knapp ødelegger alt. Mange finner den digitale anatomien vanskeleg trur eg, det å vite at akkurat det symbolet betyr akkurat dette. Eg trur at det å utforske, tørre å trykke og leike på eigahand er supersentralt. Rett og slett jobbe med digital anatomiforståing.


Hva syntes du om programmering?

Kjempekjekt. Er ikkje noko programmeringsekspert sjølv, men ser at det er har heil rekke gode eigenskaper med seg. Det å lære seg at maskina er akkurat så lur som du seier den skal vere er nyttig. Ein kan leike med programmering utan noko digitale reiskap. Til dømes kan ein lage eit enkelt rutekart, sette opp hinder og gi kommandoer. Så kan ein lære å sei fleire kommandoer på same tid ved å forenkle uttrykk og gi meir informasjon.

Eg veit om ein lærar som skulle bake, der elevane måtte sei akkurat kva som skulle skje, og læraren gjorde bokstavleg det dei sa. Skapte mykje latter, men god forståing for nøyaktighet. Og nettopp det trur eg er den store gevinsten i programmering. Ein må vere ekstremt nøyaktig, og ein får svar på tiltale med ein gong.

Hvordan kan barnehagen og skolen samarbeide bedre med det digitale verktøy?


Først og fremst økonimisk og kompetanseheving i lag. Det er mykje enklare å lære fleire i lag, samtidig som det er kostbart utstyr. Om kommunen greier å ha ein innkjøpsplan og innføring av den i lag på begge sektorar trur eg det ville fungert veldig godt!


Kan du nevne noen apper som barnehagen kan bruke, som kan videreføres i skolen?


Poio, Stop Motion, iMovie, Padlet, IntoWords, Dragonbox er dei første eg kjem på.

Om en barnehage hadde 5000kr , hva ville du kjøpt da?


5000 kr ein vanskeleg sum. Vel. I alle fall ein god GreenScreen. Om ein ikkje har ein iPad frå før, vil eg tilrå det. Samt eit stativ som iPad kan stå og monteres på.

FOTO: IKT og Lek

Du jobber med Escape rooms, hva er det?


Vel, digitale escape rooms. Eigentleg er Escape delene litt mindre og ikkje like klassisk som den originale escape der du har tid og må løyse mange oppgåer for å komme deg ut. Eigentleg så bruker vi storytelling som metodikk, i god kombinasjon med metaforar og spenningskurve for å skape ei reise mot ynskja innhald. Målet er at spelaren får eit eigarforhold til innhaldet, blir stilt i ulike vanskelege situasjonar som ein må løyse eller finne svar på for å kome vidare. Målet er at ein rett og slett har lyst til å kome vidare fordi det er spennande og morosamt, så lurer vi inn læring på vegen. Så du blir tatt med på ei historie, enten det er vikingtida eller solsystemet vårt, møter utfordringar som du må finne svar på for å løyse hengelåsen som sender deg vidare.

Er det noe du jobber med, som kan brukes i barnehage??


Eg var den første i Noreg som aktivt satsa på den aktive, dynamiske og digitale stolen iMO-learn.


Den plukka eg med meg frå BETT-show i London januar 2019. Dette er ein stol som lar borna sitte, utan å vere heilt i ro. For er det ein ting vi ikkje er skapt for, så er det fullstendig ro. iMO Learn er ein stol, men kan med sett på 12 enkelt forvandlast til klosser som ein kan bygge figurarar med, ha hundrevis av aktivitetar og leikar for å nemne noko.

Ikkje minst kan ein få med ein MDM (motion detector module) som fangar opp kva retning stolen er. Der forvandler stolen til ein interaktiv kontroll der du kan få oppgåver på skjermen som borna nyttar stolen til å svare, bygge, stave eller svare på HangMan.

Den er svært vanskeleg å forklare, ein må nesten sjå for å forstå. Har solgt ein del sett til skule og barnehage, med gode tilbakemeldingar.

Da takker jeg Endre for at han brukte litt tid på å svare på spørsmål fra IKT og Lek. Kjenner du noen som brenner for IKT og som bør bli intervjuet? Send e-post til post@iktoglek.com



46 visninger0 kommentarer
bottom of page